Aktivitet 3.3.4 – Kjøpesignaler

Problemløysing

Avgjer kva som er kjøpesignal i desse tilfella.

  1. Kjøparen seier: «Tek du VISA-kort?»
  2. Mannen prøver dressjakka, og kona seier: «Eg synest du skal ta eit nummer mindre.»
  3. Kunden prøvesmaker ein ost i matbutikken og går vidare.
  4. Etter ein lang salssamtale seier kunden spøkefullt: «Dette kjem til å koste meg ein formue.»
  5. Kunden spør om butikken kan hjelpe til med å kople opp TV-apparatet.
  6. Kunden gjer seg klar til å gå utan at salssamtalen er avslutta.
  7. Mannen seier: «La gå da, men dette er siste gong eg tek lodd frå Toppen idrettslag.»