Fordjuping
Ei bedrift oppgir salet utan mva. for 4. kvartal:
|
oktober |
november |
desember |
Varesal |
150 000 |
170 000 |
160 000 |
Varesalet utan mva. i august og september var på kr 140 000 og kr 160 000.
- Set opp salsbudsjett for fjerde kvartal.
10 % av salet er kontant, mens resten er på kreditt per 15 dagar.
- Set opp innbetalingsbudsjett for kundane til verksemda.
Bedrifta opererer med 25 % avanse, og varebehaldninga er venta å auke med kr 1 000 i oktober og kr 1 200 i desember. I november blir varebehaldninga redusert med kr 500. 20 % av kjøpet er kontant, mens resten er på kreditt. Leverandørane har gitt bedrifta ei kredittid på 30 dagar.
- Set opp varekjøpsbudsjett og utbetalingsbudsjett for leverandørane til verksemda.
Andre utbetalingar i bedrifta er:
Lønn til dei tilsette blir utbetalt med kr 22 000 per månad. Arbeidsgivaravgifta blir betalt i oktober med kr 5 500 og i desember med 14,1% av lønna i november og desember.
Bedrifta har bestemt seg for å kjøpe to maskinar i november til ein pris på om lag kr 14 000 totalt. Dei får levere inn to eldre maskinar til ein innbytepris på kr 4 000.
Andre driftsutgifter blir betalte med kr 1 000 i oktober, kr 1 200 i november og kr 1 500 i desember.
Per 1. oktober er kontantbehaldninga i bedrifta kr 1 500, mens kontoutskrifta frå banken viser kr 6 500.
- Set opp likviditetsbudsjettet.