Aktivitet 3.1.6 – Områdebeskrivelse av skolen

Fordjuping

Å sikre frå ytst til inst er eit sentralt tema i sikkerheitsprosjektering. I denne oppgåva skal du gjere greie for skoleområdet (aktivitet 1 i planleggingsfasen), og lage eit oversiktskart over heile området saman med utgreiinga. På kartet skal du teikne inn grensene (periferi), uteområda (areal) og omrisset av bygningane (skal). Marker kva som er kva. Set gjerne inn ein målestokk, til dømes at 1 cm i kartet svarer til 5 meter i verkelegheita, det vil seie målestokk 1 : 500.

Tips 1:
Det kan vere lurt å teikne dette på eit A3-ark. Lag først ei skisse og til slutt det endelege resultatet. Du bør skanne det ferdige arket og lagre det på datamaskinen.

Tips 2:
Gå inn på Google maps, Finn.no, gulesider.no eller liknande karttenester og finn skolen der. Eventuelt kan administrasjonen/vaktmeisteren ha eit oversiktskart over skoleområdet og bygningar som de kan teikne av.