Aktivitet 3.1.15 – Avvik, risikoanalyse med tiltak og kontroll

Problemløysing

Oppgåva gjeld Fiskomat AS.

Ein dag oppdagar Lars heilt tilfeldig at det er klipt hol i gjerdet i nærleiken av dieseltanken. Lars får straks mistanke om at det kan ha skjedd tjuveri av diesel. Det første han gjer, er å rapportere dette til Kåre på eit avviksskjema.

  1. Avvik. Lag ein avviksrapport til Kåre om denne uønskte hendinga. Bruk skjema for oppfølgingsfasen.
  2. Risikoanalyse. Gjennomfør ein risikoanalyse for verdien dieseltank knytt til den uønskte hendinga «uvedkommande tek seg inn på området» og trusselen «dieseltjuveri». Løys oppgåva med utgangspunkt i at vi ikkje har sett i verk nokre tiltak mot dieseltjuveri tidlegare, og at det heller ikkje er sett opp eit system for å registrere kor mykje som blir tappa kvar gong, og kven det er som tappar. Den einaste kontrollen Fiskomat har i dag, er registrering kvar veke av nivået i tanken. Når det er 10 % att, bestiller Lars tankbil for påfylling. Bruk skjema for risikovurderingsfasen. Argumenter også for nivåa du vel for sannsyn og konsekvens, og for det endelege valet av risikonivå.
  3. Tiltaksplan. Lag ein plan for tiltaka du meiner Fiskomat bør innføre. Bruk skjema for tiltaksfasen.
  4. Kontroll. Gjennomfør ein tenkt kontroll av tiltaka du føreslo. Bruk skjema for oppfølgingsfasen.