Aktivitet 1.4.4 – Rettigheter

Diskusjon

Lag ein presentasjon om ein stad du kunne tenkje deg å besøkje i ferien. Fortel om kvar staden ligg, korleis du kjem deg dit, kor stor staden er, kva ein kan gjere der, osv. Bruk internett til å finne informasjon. Finn nokre fine bilete som pyntar opp. Legg også inn eit sitat frå ein turistbrosjyre eller ei nettside.

Til slutt i brosjyren, eller på siste lysbilete i nettpresentasjonen, oppgir du kjeldene du har brukt. Heilt til slutt skriv du ditt eige namn og merkjer med ein lisens. Sjekk:

  • Er teksten min eigen? Har eg skrive med mine eigne ord?
  • Har eg lov til å bruke bileta eg har funne?
  • Har eg markert sitatet rett og oppgitt kvar det er henta frå?
  • Har eg oppgitt kjeldene mine?

Diskuter i klassen kva lisensar de kan bruke på det som de har laga, og kva dei inneber. Korleis stiller du deg til at andre kan bruke det du har laga? Vil du dele?

Dersom du bestemmer deg for å dele presentasjonen din – kvar vil du dele han? Nokre alternativ kan vere

  • i læringsplattforma
  • på heimesida til skolen
  • på Facebook
  • i ein blogg
  • som lesarbrev i ei nettavis

Diskuter kva det vil seie å dele noko på desse ulike nettstadene.