Aktivitet 7.1.3 – Sikkerhet og beredskap

Fordjuping

Passasjerterminalar er særskilde brannobjekt. Det same er hotell og skolar med mange elevar. Du kan lese meir om særskilde brannobjekt i rettleiinga frå dsb, side 16.

For slike brannobjekt gjeld ei rekkje krav, mellom anna:

  1. Branninstruks som viser rømmingsvegar, skal vere slått opp.
  2. Nødutgangar skal vere merkte.
  3. Beredskapsutstyr som sløkkjemiddel (pulverapparat eller brannslangar) skal vere merkte av på eit brannvernkart som viser kvar ein finn brannvernutstyret.
  4. Brannsløkkingsapparat skal kontrollerast minst ein gong i året. Apparata skal vere merkte slik at du kan sjekke når apparatet sist vart kontrollert.

Kontroller om krava i punkta 1–4 er oppfylte for skolen din. Bruk tabellen i skjemaet Beredskapstiltak som ligg under Ressursar. Neste gong du er på ein større passasjerterminal eller eit hotell, kan du gjere den same øvinga der.