Aktivitet 11.7.5 – En repetisjon av lovverket
Repetisjon
- Kva år er forbrukarkjøpslova frå?
- Kva for ein paragraf i forbrukarkjøpslova har reglar om reklamasjon?
- Kan forbrukaren stille dei same krava til seljaren både ved forseinking og mangel?
- Vil heving seie at kjøparen kan returnere vara og få att pengane?
- Gjeld handverkartenestelova tannlegebehandling?
- Kva for ein paragraf i handverkartenestelova har reglar om heving?
- Kor stor prosent må den endelege prisen ikkje overstige dersom ein handverkar har gitt eit prisoverslag?
- Er sal ved bruk av e-post eit fjernsal?
- Kor lang er den normale angrefristen?
- Kva vil det seie at ei lov er ufråvikeleg?
- Nemn eit anna ord for kreditt.
- Er ei av oppgåvene til Forbrukarrådet å gjere vedtak i forbrukartvistar?
- Forbrukarklageutvalet behandlar tvistar på grunnlag av tre lover. Kva lover er det?
- Er det i strid med marknadsføringslova å snakke nedsetjande om andre religionar i reklamen?
- Gi eit døme på kjønnsdiskriminerande reklame.
- I kva for ein paragraf i marknadsføringslova finn vi reglar om urimeleg handelspraksis overfor barn?
- Har Forbrukarombodet myndigheit til å forby eit marknadsføringstiltak?