Aktivitet 3.4.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er meint med rekrutteringsstrategi? Rekrutteringsstrategi vil seie eit systematisk og målretta arbeid med rekruttering og tilsetjingar.
  2. Kvifor bruker mange verksemder prøvetid ved tilsetjingar? Den tida skal vise om dette er «rett person på rett plass» før fast tilsetjing.
  3. Kan du nemne nokre grunnar til feiltilsetjingar? Jobben er dårleg presentert i annonseringa. Intervjuet er ikkje grundig nok. CV og referansen til søkjaren er ikkje sjekka godt nok.
  4. Kva er meint med referansesjekk, og kvifor er det viktig? Referansesjekk er samtale med referansane som er oppgitt i CV-en. Dette er personar som kjenner søkjaren godt. I samtalen kan det komme fram nyttig info, både av positiv og negativ karakter.
  5. Kva inneber uttrykket «rett person på rett plass»? At det ikkje er feiltilsetjing, men ei tilsetjing som både verksemda og søkjaren er fornøgde med.
  6. Kva for konsekvensar kan det ha for ei verksemd dersom tilsetjinga ikkje førte til «rett person på rett plass»? Det kan bli dyrt, fordi dei gjerne må tilsetje ein ny medarbeidar etter kort tid. Det kan by på problem dersom medarbeidaren ikkje klarer arbeidsoppgåvene sine.
  7. Kva er eit bemanningsselskap? Eit bemanningsselskap har spesialisert seg på rekrutteringsprosessen og headhunting til verksemder. Sannsynet for at ein blir fornøgd med rekrutteringa når ein overlét arbeidet til spesialistar, er større enn når ein gjer det sjølv. Bemanningsselskapa rekrutterer i dag arbeidstakarar til alle typar stillingar.
  8. Kva betyr headhunting? Headhunting betyr «hovudjakt». Interessante kandidatar blir spurde og får tilbod om ledige jobbar.
  9. Kva for ei lov er den viktigaste lova i norsk arbeidsliv? Arbeidsmiljølova.
  10. Kva for opplysningar skal ikkje stå i ein annonse? I arbeidsmiljølova § 13-4 om innhenting av opplysningar ved tilsetjing står det at ein arbeidsgivar må ikkje i utlysing etter nye arbeidstakarar eller på annan måte be om at søkjarane skal opplyse om korleis dei stiller seg til politiske spørsmål, eller om dei er medlemmer av arbeidstakarorganisasjonar. Sjå også diskrimineringslova § 15 a og likestillingslova § 18.
  11. Kva lover må ein ta omsyn til ved intervju og tilsetjing av nye medarbeidarar? Arbeidsmiljølova, diskrimineringslova, likestillingslova og personopplysningslova.
  12. Kva har ein arbeidsgivar ikkje lov til å spørje om i eit jobbintervju? Ein arbeidsgivar kan ikkje stille arbeidssøkjarane spørsmål om:
    • Politiske, filosofiske og religiøse spørsmål
    • Medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar
    • Graviditet, adopsjon eller planar om å få barn
    • Rasemessig eller etnisk bakgrunn
    • Dei har vore mistenkte, sikta, tiltalte eller dømde for ei straffbar handling
    • Helseforhold og seksuell legning
  13. Kva er ein arbeidskontrakt? Det er ein skriftleg arbeidsavtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.
  14. Har alle krav på ein arbeidskontrakt? Ja.
  15. I kva for lov og paragraf finn vi informasjon om kva ein arbeidskontrakt skal innehalde? Arbeidsmiljølova § 14-6
  16. Kva er meint med sensitive personopplysningar? Sensitive personopplysningar er opplysningar om
    1. rasemessig eller etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning
    2. at ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling
    3. helseforhold
    4. seksuelle forhold
    5. medlemskap i fagforeining