Aktivitet 3.3.4 – Intervju

Fordjuping

Tenk deg at du har søkt om praksisplass i ei verksemd, og at du no er kalla inn til intervju.

Ta for deg spørsmåla på side 52 i læreboka Administrasjon og økonomi.

Tenk nøye igjennom kva du vil svare på dei ulike spørsmåla.

Gå saman tre og tre og tren på jobbintervju. To intervjuar (er representantar for praksisverksemda) og éin har lagt inn søknad på ein praksisplass.

Byt roller og gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar når alle har vore igjennom heile prosessen.