Aktivitet 4.3.23 – Påslag og avansemetoden

Problemløysing

Baluba sel moroutstyr for karneval og selskap. Dei kjøper inn i stort, og eit vareparti med 40 klovnedrakter vart nettopp bestilt for kr 5 300. Fraktkostnaden for heile sendinga er kr 900.

Bedrifta Baluba nyttar sjølvkostmetoden og legg på 30 % indirekte kostnader og 20 % forteneste.

  1. Rekn ut salspris med mva. per klovnedrakt.
  2. Rekn ut påslagstalet.

Baluba ønskjer å gå over til avansemetoden.

  1. Finn avansen til bedrifta i kroner og prosent. Bedrifta kjøper inn sjørøvarhattar for kr 98 per stk. Dei blir leverte fraktfritt.
  2. Rekn ut utsalspris inkludert mva. per sjørøvarhatt.