Aktivitet 5.4.29 – Resultatbudsjett

Fordjuping

Bilextra AS har avslutta rekneskapen for 2018. Økonomisjefen skal lage resultatbudsjett for 2019, og ho har derfor laga denne reknearkmodellen:

REKNESKAP ENDRING BUDSJETT
År 2018 Kroner/prosent År 2019
Salsinntekter 18 000 000
– Varekostnad 11 800 000
= Bruttoforteneste 6 200 000
FASTE KOSTNADER:
Lønn 2 980 000
Husleige 380 000
Avskrivingar 360 000
Andre driftskostnader 2 180 000
Sum faste kostnader 5 900 000
Resultat 300 000
  1. Lag budsjettmodellen over.
    I budsjettet for 2019 planlegg bedrifta å heve prisane slik at bruttofortenesta aukar med kr 200 000 . Prisauken fører sannsynlegvis til at salsinntekta minkar med 2 000 000 kroner. Bedrifta reknar med at lønn og sosiale kostnader blir reduserte med kr 200 000, og at andre driftskostnader blir reduserte til kr 2 100 000.
  2. Sett opp resultatbudsjettet for 2019.
  3. Vil du rå leiinga til å gjere dei endringane som er planlagde?