Kva er meint med forbetringstiltak?
Forbetringstiltak er tiltak som blir sette i verk for å rette opp svakheiter.
Kva er ei verdikjede?
Verdikjede er nemninga på alle aktivitetane som er nødvendige for å produsere og selje varer og tenester, og som er med på å skape verdiar for både verksemda og kundane.
Kva er primæraktivitetar?
Primæraktivitetar er dei aktivitetane i ei verksemd som tek direkte del i verdiskapinga.
Kva er støtteaktivitetar?
Støtteaktivitetar er dei aktivitetane i ei verksemd som har som formål å støtte opp under primæraktivitetane, til dømes leiing og økonomistyring, personaladministrasjon, teknologiutvikling og innkjøp.
Korleis finn vi dei svake punkta i ei verksemd?
Vi finn dei svake punkta i verksemda ved å sjå på kvar enkelt aktivitet i verdikjeda og finne ut kvar det svakaste leddet er.
Når vi har funne dei svakaste ledda og gjort noko med dei, er vi da ferdige med forbetringstiltaka? Grunngi svaret.
Nei, vi må aldri sjå oss ferdige med forbetringstiltak. Noko kan alltid bli betre.