Aktivitet 2.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med ein verdi? Ein verdi er noko vi ikkje ønskjer skal bli skadd eller bli borte.
  2. Kva meiner vi med ei uønskt hending? Ei uønskt hending er noko vi ikkje ønskjer skal skje fordi det er ein trussel mot ein eller fleire av verdiane våre.
  3. Kva meiner vi med ein trussel? Ein trussel er ein ytre påverknad mot ein verdi som kan føre til at han går tapt eller blir skadd.
  4. Kva meiner vi med ein risiko? Ein risiko er ein fare for at noko kan gå gale.
  5. Kva meiner vi med sannsyn? Sannsyn er sjansen for at ei uønskt hending kan skje.
  6. Kva meiner vi med konsekvens? Konsekvens er resultatet dersom ei uønskt hending har skjedd.
  7. Kva meiner vi med sikkerheitstiltak? Sikkerheitstiltak er tiltak for å beskytte verdiane våre mot uønskte hendingar som kan true dei.
  8. Kva meiner vi med restrisiko? Restrisiko er den risikoen vi ikkje dekkjer gjennom sikkerheitstiltaka våre.