Aktivitet 3.2.3 – Rekruttering Kaffebaren

Fordjuping

Individuell oppgåve

Bruk annonsen til Kaffibaren som de valde i oppgåve 3.1.4. Skriv søknad og CV.


Gruppeoppgåve

Klassen deler seg i to grupper. Gruppe A får alle søknadene frå gruppe B – og omvendt.

Gjennomfør heile rekrutteringsprosessen til gruppe A sit att med ein søkjar dei ønskjer å tilsetje frå gruppe B – og omvendt.

Fordel arbeidsoppgåvene så godt de kan under prosessen, slik at ingen blir sitjande passiv.

  1. Alle skriv søknad på stillinga i annonsen 3.1.4.
  2. Klassen blir delt i to, gruppe A og B. Dei får søknadene frå den motsette gruppa.
  3. Dei skriv søkjarliste.
  4. Prioriterer søkjarane.
  5. Lagar spørsmål til intervju.
  6. Kallar inn til intervju, skriv brev.
  7. Gjennomfører intervjuet.
  8. Vurderer kven som er best kvalifisert, og kva for kandidatar som bør kallast inn til andre gongs intervju.