Aktivitet 3.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er ein CV? Ein CV (latin: curriculum vitae) er eit dokument du lagar om deg sjølv, og som du bruker når du skal søkje jobb. CV-en skal vise arbeidsgivaren kven du er, kva slags utdanning du har, kva slags erfaring og praksis du har, og eventuelle hobbyar og interesser.
  2. Kva er ein referanse? Ein referanse er ein person som arbeidsgivaren kan ta kontakt med for å få fleire opplysningar om deg. Referansar skal setjast opp med fullt namn, ei kort forklaring på relasjonen du har til personen (til dømes tidlegare arbeidsgivar, lærar), og eit telefonnummer som du veit ein kan nå personen på.
  3. Kva for hovudpunkt bør vere med i ein CV?
    • Personlege opplysningar
    • Utdanning
    • Arbeidserfaring og praksis
    • Kurs, sertifikat, verv og språk
    • Fritidsinteresser
    • Vitnemål og attestar
    • Referansar
  4. Kva er personlege opplysningar? Namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer, fødselsdato, sivilstatus og eventuelle barn.