Aktivitet 3.4.1 – Begrepet tjeneste

Omgrepstesting

Forklar omgrepet teneste, og forklar kva som er spesielt med tenester i forhold til varer.

Ei teneste er eit ikkje-konkret produkt som blir produsert og forbrukt samstundes.

Varer som blir produserte i ein fabrikk, er stort sett heilt like. Slik er det ikkje med tenester. Dei blir produserte av menneske. Kvaliteten på tenestene er avhengig av kompetansen og serviceinnstillinga til tenesteytaren. Tenesteytaren er ein del av tenesta. Ei teneste kan ikkje lagrast, slik som ei vare, og tenesta blir produsert og forbrukt samstundes. Kjøparen kan derfor ikkje få eigedomsretten til tenesta når ho er utført. Dersom den som kjøper tenesta, er misnøgd, kan han heller ikkje returnere henne til tenesteytaren.