Aktivitet 3.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

Forklar omgrepet salsprosess og innhaldet i dei fire stadia i denne prosessen.

Med salsprosessen tenkjer vi på fire stadium som ein seljar skal prøve å leie ein potensiell kjøpar igjennom slik at det resulterer i eit sal. Han må først etablere kontakt med kjøparen, deretter må han avklare kva behov han har. Når han har forstått kva kjøparen er ute etter, må han argumentere for at kjøparen skal velje hans produkt og imøtegå innvendingar frå kjøparen. Så må han vere merksam på kjøpesignal og prøve å avslutte salet.