Aktivitet 1.3.1 – Valg av selskapsform

I denne oppgåva kan de også godt jobbe saman to og to, og sjå kor mange de greier.

Set deg godt inn i fordelar og ulemper ved dei tre selskapsformene, og løys denne oppgåva ved at du vel rett selskapsform.


Du skal drive ei verksemd ved sida av skole/studium.
Det er gratis å registrere verksemda.
Du har lite papirarbeid.
Er de fleire, gir det meir kapital.
Du treng ikkje kapitalinnskot.
Det kan ta lang tid å ta viktige avgjerder.
Du må dekkje gjeld av personlege midlar.
Du kan ta inn fleire eigarar som bidreg med meir kapital seinare.
Du disponerer overskotet som du vil.
Du får sjukepengar frå første dag dersom du blir sjuk.
Du kan ta lynraske avgjerder aleine.
Dersom ikkje ansvaret er delt, kan du risikere å betale andre si gjeld.
Det økonomiske ansvaret for kvar enkelt er avgrensa til aksjeinnskotet.
Det går raskt å etablere og avvikle.
Du må ta omsyn til mange formalitetar (reglar og prosedyrar).
Fleire eigarar deler risikoen.
Du må sjølv dekkje tapet dersom du går konkurs.
Det tek oftast lengre tid når alle må vere samde ved viktige avgjerder.
Du kan ikkje ta ut pengar når du vil, men må følgje reglane for utbytte.
Dersom du har anna inntekt, må du betale mykje skatt av overskotet.
Fleire er med på å skaffe eigenkapital.
Fleire eigarar gir meir kunnskap og meir erfaring.
Alt ansvar kviler på deg.
Det kan bli problem med samarbeidet.