Aktivitet 5.4.23 – Salgsbudsjett, innbetalingsbudsjett og varekjøpsbudsjett

Fordjuping

Ei bedrift reknar med dette salet utan mva. i fjerde kvartal:

  • oktober 240 000
  • november 295 000
  • desember 254 000

Salet utan mva. i august og september var kr 280 000 og kr 240 000. Alt sal er kredittsal per 15 dagar.

  1. Set opp salsbudsjett.
  2. Set opp innbetalingsbudsjett frå kundar.

Bedrifta har komme fram til at dei må ha ein avanse på 80 %, og dei reknar med ein nedgang i behaldninga kvar månad på kr 2 000. 20 % av kjøpet er kontant. Resten er kredittkjøp per 30 dagar.

  1. Set opp varekjøpsbudsjett.
  2. Set opp utbetalingsbudsjett til leverandørar.

Kvar månad betaler dei husleiga med kr 14 000, straumrekningane blir betalte kvar månad og er på kr 3 400, renter og avdrag betaler dei kvar månad med kr 8 500.

I november startar dei førebuingane til jul og investerer kr 12 000 i dekorasjonar.

Dei treng ny innreiing på kontoret og kjøper inventar for kr 250 000 i desember.

Per 1. oktober har bedrifta ei pengebehaldning på kr 2 000.

  1. Set opp likviditetsbudsjettet for bedrifta.
  2. Kva synest du om økonomien i bedrifta?