Aktivitet 1.1.9 – Presenter en bedrift

Problemløysing

Lag ein presentasjon og legg inn logo og bilete av ei bedrift i nærområdet som du kjenner. Finn ut kva for eit behov bedrifta dekkjer, og kva produkt ho tilbyr. Skriv dette, og legg gjerne inn eit bilete som viser eitt eller fleire av produkta.

Forklar kva for marknad(er) bedrifta vender seg til, og set inn eit høveleg bilete av typiske kundar. Korleis sel bedrifta produkta sine (gjennom nettbutikk eller fysisk butikk), og kvar i Noreg og eventuelt i utlandet er ho lokalisert? Lim inn adressa på nettbutikken dersom produkta blir selde der.

Beskriv måten bedrifta driv sal på. Tilbyr ho arrangement (til dømes salsshow), og driv ho sponsorverksemd? Kva for aktivitetar har bedrifta i sosiale medium, og kva for kanalar i sosiale medium bruker ho?

Kommenter kva du tenkjer om aktivitetane bedrifta har der, og drøft kva fordelar ho har av desse aktivitetane. Klipp inn ein eventuell reklamefilm som bedrifta har laga.

Har bedrifta vore omtalt i media i det siste, og er omtalen i så fall positiv, nøytral eller negativ? Kva trur du kundar og potensielle kjøparar tenkjer etter at dei har lese medieomtalen?