Aktivitet 2.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med sikkerheitsprosjektering? Sikkerheitsprosjektering er ein metode for sikkerheitsarbeidet i ei verksemd.
  2. Kva meiner vi med periferisikring? Periferisikring er sikkerheitstiltak rundt det området verksemda disponerer, som gjerde, portar og bommar.
  3. Kva meiner vi med arealsikring? Arealsikring er sikkerheitstiltak på området mellom periferien og bygningane.
  4. Kva meiner vi med skalsikring? Skalsikring er ytre sikkerheitstiltak på bygg, som dører og vindauge.
  5. Kva meiner vi med romsikring? Romsikring er sikkerheitstiltak inne i bygningar.
  6. Kva meiner vi med objektsikring? Objektsikring er sikkerheitstiltak for spesielle verdiar inne i eit rom.
  7. Kva meiner vi med fysiske sikkerheitstiltak? Fysiske sikkerheitstiltak er tiltak som er fysiske og gjerne solide, som gjerde, portar og bommar.
  8. Kva meiner vi med sannsynsreduserande tiltak? Sannsynsreduserande tiltak er tiltak som reduserer sannsynet for at ei uønskt hending skal skje.
  9. Kva meiner vi med konsekvensreduserande tiltak? Konsekvensreduserande tiltak er tiltak som ein gjennomfører for å redusere eller avgrense skadeomfanget av ei uønskt hending som har skjedd.
  10. Kva består tekniske sikkerheitstiltak av? Tekniske sikkerheitstiltak består av elektroniske komponentar som er innstilte til å reagere på visse ytre forhold.
  11. Kva meiner vi med administrative sikkerheitstiltak? Administrative sikkerheitstiltak er opplæring og sikkerheitstiltak som er baserte på rutinar og instruksar.