Aktivitet 4.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar omgrepet kontaktpunkt. Dei situasjonane der vi møter kunden og kan yte service.
  2. Kva for kontaktpunkt kan ein kunde til eit transportselskap tenkjast å møte? Kontaktpunkta kan vere nettsida, den som svarer på førespurnader på telefon, sjåførane som hentar og leverer varer, og alle andre i selskapet som har kundekontakt.
  3. Korleis vil du forklare at ein sjåfør i eit transportselskap er ein servicemedarbeidar? Alle som har kundekontakt, uansett om dei er sjåførar eller om dei jobbar i direkte kontakt med kundane, er absolutt servicemedarbeidarar. Dei representerer firmaet utetter, og kundane vurderer firmaet ut frå korleis dei opptrer overfor dei.
  4. Kva for grunnleggjande krav bør stillast til ein servicemedarbeidar? Ho bør vere ein god relasjonsbyggjar og like å gjere andre glade og fornøgde. Ho bør vere ein god formidlar både på norsk og engelsk, kunne sals- og servicefaget og helst ha jobberfaring, eller ha vore lærling og ha fagbrev i salsfaget. Ein servicemedarbeidar bør like å løyse alt frå enkle til meir utfordrande serviceoppgåver. Ho bør ha god kjennskap til selskapet og til produkta og serviceordningane i selskapet. Ho bør kjenne igjen dei faste og gode kundane selskapet har, halde oversikt over tilbod, prisar og spesialkampanjar. Det er heilt sjølvsagt at ho er imøtekommande, hjelpsam og blid.
  5. Kva inneber det å vere ein god lyttar? Det inneber at ein lyttar aktivt, altså at ein heile tida gir korte tilbakemeldingar slik at den som snakkar, skjøner at vi følgjer med og er interesserte i det som blir sagt. Det inneber også at ein spør den som snakkar, om å forklare nærmare dersom det er noko ein ikkje forstår.