Aktivitet 10.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er meint med globalisering? Globalisering er eit uttrykk for ei verd der varer og tenester, menneske, pengar og informasjon flytter på seg nesten fritt over landegrensene. Vi seier gjerne at verda har vorte mindre, og at avstandar og grenser ikkje lenger speler ei så viktig rolle som dei ein gong gjorde.
  2. Kva er flyktningar? Flyktningar er menneske som har krav på opphald og vern i medhald av internasjonale avtalar.
  3. Kva er meint med spionasje og etterretningsverksemd? Spionasje og etterretningsverksemd er aktivitetar som dreier seg om å samle opplysningar om militære og sivile forhold i eit anna land.
  4. Kva forstår vi med omgrepet «cyberspace»? Cyberspace er eit anna ord for internett.
  5. Kva kan endringar i klimaet føre til? Endringane i klimaet gjer at Noreg blir utsett for meir ekstremvêr enn før med meir vind og regn. Dette fører til flaum og ras, noko som set ekstra press på beredskapen og på sikkerheitsaktørane. Andre stader i verda opplever folk ekstrem tørke. Dette kan igjen føre til svolt og masseutvandring til mellom anna Europa og Noreg.