Aktivitet 1.2.2 – Nyhetsvarsel

Problemløysing

Du må vere innlogga på Google for å bruke tenesta Google Alert. Dersom du alt har ein Google-konto, til dømes ei gmail-adresse, loggar du inn med denne. Har du ikkje det, må du opprette ein brukar.

  1. Gå inn på Google Alert og set opp eit varsel for søkjeordet ungdomsbedrift.
    Følg med på informasjonen som du etter kvart får i e-postkassa di. Hugs at du også må vurdere denne informasjonen med eit kjeldekritisk blikk.
  2. Du kan likeins setje opp varsel for noko anna du er interessert i. Det kan vere ein hobby du har, eit fotballag eller ein artist du vil følgje med på. Prøv deg fram!
  3. Diskuter i klassen kva varsel som det kan vere interessant å få i samband med ulike jobbar innanfor service og samferdsel.
  4. Her er nettadressa for slike varsel (alerts): google.com/alerts