Diskusjon
Nettrooming og showrooming har segla opp som to av dei mest interessante forbrukaråtferdene i dag. Nesten halvparten av dei nordiske nettforbrukarane oppgir at dei nyttar nettrooming (jf. «Netthandel i Norden 2017»).
Nettrooming vil seie at forbrukaren søkjer informasjon om eit produkt på internett for så å kjøpe det i ein fysisk butikk.
Showrooming er ikkje like vanleg, rundt kvar tiande person i Norden oppgir at dei bruker dette. Showrooming vil seie at forbrukarane prøver eller ser på eit produkt i ein fysisk butikk for så å kjøpe det på internett.
Ver kreative og presenter eit opplegg for butikkar som viser korleis dei kan utnytte forbrukaråtferda med nettrooming og showrooming.