Oppgave 1.1.2 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er marknadsføring? Marknadsføring er planlegging og gjennomføring av aktivitetar der målet er å få selt produkt som kan tilfredsstille behov i marknaden.
  2. Prøv om du kan definere omgrepet mål. Målet er ein ønskt tilstand på eit bestemt tidspunkt i framtida.
  3. Kva tenkjer vi på når vi snakkar om aktivitetar i marknadsføringa? Med aktivitetar tenkjer vi på alt vi gjer for å fremje salet etter at vi er ferdige med å planleggje. Det kan vere utvikling av varer og tenester, arbeidet med å gjere produkta tilgjengelege for publikum, gjennomføring av kampanjar og andre salsaktivitetar.
  4. Definer omgrepet behov. Behov er ein mangel vi føler at vi har, slik at vi er villige til å ofre noko for å komme i likevekt.
  5. Nemn behova i Maslows behovspyramide.

    Fysiologiske behov, behov for sikkerheit og tryggleik, sosiale behov, statusbehov og behov for sjølvrealisering og oppleving. Trinna 1–3 kallar Maslow mangelbehov. Dersom vi manglar mat, drikke, tryggleik, kontakt osv., kjem kroppen i ubalanse. Når vi sørgjer for tilførsel av det vi manglar, blir balansen oppretta att – i alle fall for ei stund. Vi kan seie at behov er manglar som må dekkjast for at vi skal kunne oppleve velvære.

    Trinna 4 og 5 kallar vi vekstbehov. Maslow samanliknar behova med trinna i ein pyramide. Behov på det nedste trinnet må tilfredsstillast før vi tenkjer på sikkerheit og tryggleik, sosial kontakt, sjølvhevding og sjølvrealisering. Å finne og tilfredsstille behov er utgangspunktet for alle gode marknadsførarar og seljarar.

  6. Kva meiner vi med ein marknad? Ein marknad er ein stad der både kjøparar og seljarar kjem saman og forhandlar om bestemte varer og tenester.
  7. På kva for ein hovudmarknad opererer flyfabrikken Boeing? Bedriftsmarknaden.
  8. På kva for ein marknad opererer 7-Eleven? Forbrukarmarknaden.
  9. Kva meiner vi med eit produkt? Eit produkt kan vere både ei vare og ei teneste.
  10. Definer omgrepet sal. Sal går ut på å vekkje behov for ei vare eller teneste og få kunden til å dekkje dette behovet med løysinga seljaren presenterer. Seljaren kan løyse oppgåva si gjennom personleg kontakt med kjøparen andlet til andlet, ved chatting på ei nettside, gjennom kommentar i sosiale medium eller ved kontakt med kjøparen på telefon eller e-post.