Aktivitet 1.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kvifor har Noreg vorte eit av dei rikaste landa i verda? På grunn av utvinning av olje som vi fann i Nordsjøen på 1960-talet.
  2. Kva betyr det at arbeidsmarknaden er stabil og god? At arbeidsløysa er låg, dvs. at mange jobbar.
  3. Kva er meint med sysselsetjing? Å ha noko å gjere. Her: Å ha ein jobb.
  4. Kva er ein gründer? Det er ein person som har ein idé om eit produkt som er så god at han startar si eiga bedrift på grunnlag av denne ideen.
  5. Peik på nokre årsaker til at gullalderen for oljenæringa ser ut til å vere over. Låge oljeprisar, høge kostnader, stor konkurranse, klimautfordringane og reduksjon i olje- og gassproduksjonen er hovudårsakene.
  6. Forklar ordet kompetanse. Fullgod føresetnad for å gjere noko, inneha ei stilling e.l.; tilstrekkeleg dugleik; kvalifikasjon; utdanning (naob.no).
  7. Kva kan vi bruke den ledige kompetansen frå olje- og gassnæringane til? Kompetansen kan nyttast til å utvikle nye teknologiske løysingar som er berekraftige, til dømes innanfor solcelle-, vass- og vindkraft.
  8. Kva betyr berekraftig utvikling? Det er ei samfunnsutvikling der behova til forbrukarane i dag blir dekte, men utan at det går ut over høvet kommande generasjonar har til også å få dekt sine behov.
  9. Korleis kan ein produktidé oppstå? Idear oppstår gjerne
    • når du har eit problem du ikkje finn løysinga på (t.d. når du ikkje finn nøklane dine)
    • når du ser eit produkt som kan vidareutviklast (t.d. drikkeflaske med meir enn eitt rom)
    • når du ser eller har eit behov som ikkje er dekt (t.d. eldre som treng dataopplæring)
    • når ei samfunnsteneste manglar (t.d. nye tiltak for å hjelpe svake grupper i samfunnet)
  10. Kva krav må du stille til innhaldet i ein god forretningsidé? Forretningsideen skal fortelje: Kva for kundar/målgrupper bedrifta ønskjer å rette seg mot. Kva behov hos målgruppene bedrifta vil dekkje. Kva produkt bedrifta skal tilby for å dekkje behovet målgruppene har. Kva fordel som gjer bedrifta i stand til å dekkje behovet.