Aktivitet 1.3.2 – Fake news

Diskusjon

Når du skal avsløre falske nyheiter (fake news), kan du bruke TONE-verktøyet. I tillegg kan du bruke biletsøk og videosøk. Da finn du ofte at bileta er manipulerte. Her er ein film om korleis du gjer det: Channel 4 News Factcheck. Det er lett å manipulere bilete. Du hugsar kanskje at ein kjend norsk skiløpar vart teken for doping fordi ho hadde brukt ei salve med eit ulovleg stoff i? Dette skjedde hausten 2016. Her vart det påstått (ikkje av skiløparen sjølv) at akkurat den eska ho hadde brukt, ikkje var merkt med varselsymbol. Dersom du går inn på denne nettstaden, vil du sjå kor enkelt det er å produsere eit falskt bilete – og så spreie ei falsk nyheit: blogg.lindsoe.no «Kildekritikk i sosiale medier».

Diskuter i klassen:

  • Har det dukka opp falske nyheiter på nettstadene dine?
  • Kva er det ved enkelte postar de får, som får dykk til å lure på om saka kan vere sann?
  • Finn de døme? Korleis synest de ein bør stille seg til dette?
  • Kor mykje ansvar har kvar av oss når vi deler falske nyheiter?

Falsk informasjon kan også dukke opp i e-post. Ofte har desse ei historie som dei ber deg sende vidare til andre, oppgi personleg informasjon eller ei lenkje dei ber deg klikke på. Les historia «Ble angrepet av datavirus». Her er nokre viktige nettadresser som gir dykk meir informasjon om slike tema: