Fordjuping
Ei bedrift har hatt dette salet utan mva. i første kvartal 2018:
- januar 450 000
- februar 420 000
- mars 430 000
Salet utan mva. i november og desember 2017 var på kr 390 000 og kr 440 000.
- Set opp salsbudsjett for alle månadene.
70 % av salet er kontantsal, resten er kredittsal per 15 dagar.
- Set opp innbetalingsbudsjett for kundar for første kvartal.
Bedrifta opererer med 35 % bruttoforteneste. Dei reknar med at lageret aukar med kr 2000 i kvar av månadene.
- Set opp varekjøpsbudsjettet for alle månadene.