Aktivitet 7.2.6 – Teamorganisering

Fordjuping

Finn ut om nokre verksemder i nærleiken av deg jobbar etter teamorganiseringsmodellen.

Du kan spørje familie, venner, praksisbedrifta di eller andre.

Be om å få komme på besøk og få ei orientering om korleis det fungerer, utfordringar, fordelar, ulemper osv.

Kanskje du sjølv eller nokre i nettverket ditt kjenner nokon som jobbar i ei teamorganisert verksemd. I så fall bør de prøve å få nokon til å komme på skolebesøk, slå saman klassane og få ei orientering om korleis det fungerer, fordelar og ulemper, utfordringar og nye måtar å tenkje på og løyse ting på.