Aktivitet 4.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar kva faste kostnader er, og gi døme. Faste kostnader er kostnader som ikkje endrar seg med mengda sal eller produksjon, som til dømes lønn, husleige og straum.
  2. Forklar kva variable kostnader er, og kom med døme. Variable kostnader er kostnader som varierer med mengda sal eller produksjon. Produserer du 10 stk. av eit produkt, er dei variable kostnadene lågare enn dersom du produserer 20 stk.
  3. Kva er direkte kostnader? Direkte kostnader er kostnader som kan knytast direkte til eit produkt.
  4. Kva er indirekte kostnader? Indirekte kostnader er kostnader som ikkje har nokon direkte samanheng til kvart enkelt produkt.
  5. Korleis reknar du deg fram til inntakskost? Inntakskost = varekostnad + andre kostnader som kjem til før vara har komme inn på lager.
  6. Kva er sjølvkost? Sjølvkost er summen av alle kostnadene eit produkt har «påført» bedrifta.
  7. Forklar kva ein sjølvkostkalkyle er, og kva han inneheld? Sjølvkostkalkyle er ein kalkyle som tek med alle kostnadene til verksemda, dei direkte og dei indirekte.
    Inntakskost (direkte kostnader)
    + Indirekte kostnader
    = Sjølvkost
    + Forteneste
    = Salspris utan mva.
    + Mva.
    = Salspris med mva.
  8. Trur du Kaffibaren vil få selt sin caffe latte til kr 36,75? Ville du brukt ein annan pris? I tilfelle ja, kva for ein pris? Ja, prisen er ikkje urimeleg, men bør rundast av til heile kroner.