Problemløysing
Last ned skjema for oppgåve 3.2.2 som ligg under Ressursar. I skjemaet finn du fleire av sikkerheitstiltaka som Fiskomat har innført. Fyll ut skjemaet.
Kolonne A:
Vurder om sikkerheitstiltaket er eit fysisk tiltak (FT), eit teknisk tiltak (TT) eller eit administrativt tiltak (AT).
Kolonne B:
Vurder om sikkerheitstiltaket gjeld periferisikring (PS), arealsikring (AS), skalsikring (SS), romsikring (RS) eller objektsikring (OS).
Kolonne C:
Vurder om sikkerheitstiltaket er sannsynsreduserande (SR) eller konsekvensreduserande (KR).
Kolonne for vurdering:
Kom med ei grunngiving som støtte for vurderingane.
Tilleggsoppgåve: Same oppgåve som i 3.2.2, men byt ut Fiskomat med skolen, YFF eller ei anna bedrift som elevane kjenner godt.