Aktivitet 6.3.7 – Drikkeflasken UB februar

Problemløysing

Det gjekk mykje betre med Drikkeflaska UB i februar.

Vedlegg i februar:

Vedlegg nr. Dato Tekst Beløp
1 5.2. Set alle kontantane inn i bank. ?
2 7.2. Førebur seg til sal på kjøpesenter, kjøper utstyr, betaler med bank. 400
3 10.2. Sel 23 flasker på kjøpesenteret, kontantsal. 690
4 20.2. Får ha stand på treningsstudio og sel 33 flasker, kontantsal. 990
5 21.2. Set kontantar inn i bank. 1 000
  1. Bruk dei same kontoane som i oppgåve 6.3.6, og opne kontoane i rekneskapen til Drikkeflaska UB per 1.2. Utgåande balanse for januar er inngåande balanse for februar.
  2. Før vedlegga for februar.
  3. Avslutt mot resultat og balanse.
  4. Gi ein kommentar til rekneskapen.
  5. Ungdomsbedrifta skal på messe på Entreprenørskapsdagen i slutten av februar. Kor mange flasker har dei att? Er det nok, eller bør dei bestille 100 til?