Aktivitet 11.2.2 – Forsinket levering

Problemløysing

Amalie Strøm har kjøpt ein Volvo personbil som etter avtalen skal leverast innan utgangen av august. 26. august ringjer bilforhandlaren og opplyser at fabrikken ikkje kan levere innan fristen. Amalie gir bilforhandlaren ein tilleggsfrist på fem dagar og opplyser at ho vil krevje heving av kjøpet dersom denne fristen ikkje blir halden.

  1. Kan Amalie heve kjøpet dersom bilen ikkje blir levert innan tilleggsfristen?

    Amalie har ein stor og flott hage, og den vil ho pynte opp med nokre lekre, orientalske krukker. Ho bestiller tre slike krukker på hagesenteret Draumehagen 15. april. Draumehagen lover at dei vil vere leveringsklare 1. juni.

    Neste parti med krukker skal straks sendast med båt frå Malaysia, og frakta ville ta mellom fire og seks veker. 2. juni ringjer dei frå Draumehagen og opplyser at krukkene dessverre ikkje kan leverast fordi produsenten har slutta å produsere dei. Skulle han oppfylle avtalen, måtte han prøve å finne ein annan leverandør i Austen. Det ville bli nokså krevjande, og transportutgiftene ville bli ganske høge.

  2. Amalie held fast på bestillinga. Kan ho det?