Fordjuping
Tenk deg at du skriv ei viktig oppgåve som du skal levere på skolen i morgon. Idet du skal lagre oppgåva, «forsvinn» ho, og du er ikkje i stand til å finne henne på datamaskinane slik at du får levert henne i tide.
- Skriv ein avviksrapport på denne uønskte hendinga. Bruk skjema for oppfølgingsfasen.
- Gjennomfør ei risikovurdering for den uønskte hendinga. Bruk skjema for risikovurderingsfasen.
- Lag ein tiltaksplan med minst to gode og relevante tiltak du bør setje i verk for å unngå ei tilsvarande hending ein gong i framtida. Bruk skjema for tiltaksfasen.