Aktivitet 4.2.11 – Lage klassens IK-mappe for HMS

Problemløysing

Tips 1: Følg gjerne forslaget til kapittelinndeling og innhald frå læreboka. Dersom det ikkje er kapittel som passar, kan det lagast nye, eller ein kan utvide dei eksisterande. Det viktigaste er at mappa blir oversiktleg. Lag gjerne ei innhaldsliste som de legg heilt fremst i mappa.

Tips 2: Mappa kan godt utvidast til å bli ei generell IK-mappe der anna arbeid som er produsert rundt sikkerheit, også kan plasserast, til dømes personvern og datasikkerheit (kapittel 5).