Aktivitet 2.2.3 – Fem P-er

Omgrepstesting

Dei fem P-ane, produkt, pris, plass, påverknad og personale, er konkurransemiddel vi nyttar i marknadsføringa.

Men vi snakkar også om dei fire C-ane som er spegelbiletet av dei fem P-ane sett frå kjøparen si side. På engelsk står dei fire C-ane for consumer value, cost, communication og convenience.

Prøv om du kan knyte saman rett C og P i dei to kolonnane nedanfor.

Det var E. Jerome McCarthy som i 1960 introduserte dei fire P-ane. Sidan den gongen har dei vorte ein obligatorisk del av marknadsteorien. I 1990-åra vart det lagt til ein femte P – for personale. I den fornøyelege TV-serien Mad Men som går på Netflix og HBO, utspeler handlinga seg i eit amerikansk reklamebyrå i 1960-åra. Her snakkar dei mellom anna om dei fire P-ane. P-en det blir snakka mest om, er påverknad eller marknadskommunikasjon. Vi er i reklamegullalderen, da ein meinte at god reklame var alt som skulle til for å lykkast på marknaden. Det finst ein del videoar om P-ane og Mad Men, som du kan søkje etter på YouTube.