Aktivitet 4.3.4 – Serviceplanlegging

Problemløysing

Du er tilsett som marknadsførar på eit gammalt, familiedrive hotell på Vestlandet. Hotellet ligg flott til med praktfull natur og storslått utsikt mot havet. Det har gjester både frå Noreg og utlandet. Det blir også brukt til seminar av bedrifter på Vestlandet.

Hotelldirektøren, Anders Breien, har ikkje følgt heilt med i den digitale utviklinga. Rett nok har hotellet eiga heimeside, og dei fleste bookingane skjer gjennom bookingselskap. Men det er ingen som har ansvar for å oppdatere heimesida, så ho er litt forsømt. Hotellet har trådlaust nettverk, men gjestene må betale for å bruke det.

Breien har ikkje tru på at meldingar frå gjestene har noko for seg. «Vi kan ikkje bruke tid på slikt», seier Breien. «Vi må konsentrere oss om å drive hotell.»

Hotelldirektøren har heller ikkje følgt med på utviklinga når det gjeld krav frå gjestene til komfort, slik som radio og TV på rommet, safe for oppbevaring av pengar og verdisaker og kjøleskap med drikkevarer, snacks osv.

Hotellet har problem med å skaffe kvalifisert arbeidskraft. Det kan ha samanheng med låge lønningar. I høgsesongen om sommaren bruker hotellet sommarvikarar i tillegg til dei fast tilsette, men desse har ofte lite kundeerfaring.

Dei siste to åra har hotellet opplevd sviktande omsetning, og Breien oppdagar at det stadig kjem færre turistar frå utlandet. Særleg har kinesarane svikta, og Breien lurer på kvifor.

Breien ber deg komme med forslag til korleis hotellet kan snu den negative utviklinga. Han ber deg særleg vurdere korleis servicen kan betrast.