Aktivitet 6.4.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Bruk kontoplanen og finn kontonummer til desse kontoane: bankinnskot, kontantar, inventar og utstyr, bilar, eigenkapital, banklån, salsinntekter, varekostnader og andre driftskostnader 1920 Bankinnskot
    1900 Kontantar
    1250 Inventar og utstyr
    1231 Bilar
    2050 Eigenkapital
    2200 Banklån
    3100 Salsinntekter
    4300 Varekostnader
    7790 Andre driftskostnader
  2. Kva for nokre av kontoane høyrer til balanse? Enn til resultat? Balansen: bankinnskot, kontantar, inventar og utstyr og bilar.
    Resultat: salsinntekter, varekostnader og andre driftskostnader.
  3. Kva for lover må små verksemder følgje når dei skal føre rekneskap? Rekneskapslova og bokføringslova.
  4. Kva er skilnaden på utgifter og kostnader? Utgifter har vi når vi betaler rekningar, til dømes når du kjøper varer, råvarer, maskinar, bilar og anna som verksemda treng. Kostnader er forbruk av ressursar målt i pengar.
  5. Kva er faste kostnader? Det er kostnader som ikkje endrar seg avhengig av produksjon eller sal. Ei verksemd har alltid faste kostnader, det kan vere husleige, straum og lønn.
  6. Kva er variable kostnader? Variable kostnader varierer etter kor stort sal eller kor stor produksjon ei verksemd har.