Aktivitet 6.3.6 – Drikkeflasken UB januar

Problemløysing

Ungdomsbedrifta Drikkeflaska UB ville starte produksjon av todelt drikkeflaske. Den eine delen skulle innehalde til dømes vatn, og den andre delen skulle innehalde styrkedrikkpulver. Det skulle vere slik at pulveret kunne puttast i vatnet etter behov.

Ungdomsbedrifta hadde mykje jobb med utforminga av flaska i samarbeid med ei lokal produksjonsbedrift. I januar gjekk drikkeflaska i produksjon. Dei kjøper inn flaskene for kr 10 per stykk og sel dei for kr 30.

Ungdomsbedrifta vil ha desse kontoane i rekneskapen sin: kontantar, bankinnskot, eigenkapital (eigenkapital/partar), salsinntekter, varekjøp og andre driftskostnader.

Rekneskapen for januar månad vart ikkje heilt slik dei venta. Dei posterte desse vedlegga:

Vedlegg nr. Dato Tekst Beløp
2 5.1. Betaler kontant utgifter til reiser. 600
3 12.1. Får tilsendt prototype for drikkeflaska, vippsar betaling. 170
4 15.1. Kjøper reklameutstyr, betaler kontant. 500
5 17.1. Set kontantar inn i bank. 1 000
6 25.1. Tek imot 100 flasker frå produsent, betaler i bank. 1 000
7 29.1. Sel 30 flasker, tek imot kontant betaling. ?
  1. Opne kontoane i rekneskapen til Drikkeflaska UB. Dei har selt partar for kr 2 300, som dei har i kontantar.
  2. Før vedlegga for januar.
  3. Avslutt mot resultat og balanse.
  4. Gi ein kommentar til rekneskapen.
  5. Kva blir inngåande balanse i februar?