Reisen er en del av opplevelsen

I ein artikkel som vart publisert på nettstaden cision.com våren 2016 har Marte Aasekjær Moholdt i Paradisreiser AS nokre tankar om flyreiser og evna flyselskapa har til å gjere reisene til noko meir enn berre å frakte passasjerar frå A til B.

Moholdt seier: «Nordmenn reiser meir og meir, og fleire vel også å leggje ekstra i feriebudsjettet for å nyte reisa frå første stund. Den norske marknaden er stor på oppgradering av flyreisa, og på langreiser er gjerne businessklassne fylt opp lenge før økonomiklassen. Vi ønskjer å gjere sjølve reisa til ein del av ferieopplevinga.»

Sjølv om Noreg er eit lite land, har dei store internasjonale flyselskapa som Emirates, Thai Airways og Qatar Airways oppdaga den store reiseviljen blant nordmenn. Desse selskapa fyller dagleg opp businessklassane på avgangane frå Oslo. Som eit resultat av konkurransen i lufta har businessklasse vorte rimelegare og meir tilgjengeleg, så mange vel å leggje litt ekstra på reisebudsjettet for å få den ultimate reiseopplevinga.

Mange flyselskap køyrer også jamlege kampanjar for businessklasse, både med rabatterte prisar og til og med «2 for 1»-kampanjar.