Aktivitet 1.1.1 – Søkemotorer

Gruppearbeid

Alle i gruppa skriv service i søkjefeltet til ein søkjemotor.

Truleg får de mange ulike treff, til dømes til sider som forklarer kva ordet betyr, til bedrifter som tilbyr service, til organisasjonar og kanskje også til skoletilbod innanfor service og samferdsel.

Alle i gruppa søkjer på same ord i same søkjemotor. Får de like mange treff?

Dersom treffa er ulike, kjem det av at søkjemotorane «veit» kva du bruker å søkje etter, og prøver å tilpasse treffa til det han «trur» du er mest interessert i.

Prøv å søkje på same ord i ulike søkjemotorar. Samanlikn. Kva ser de?

Prøv også å søkje på servise og sørvis. Kva betyr skrivemåten for treffa de får?

Skriv service + fagorganisering i søkjefeltet. Korleis endrar lista seg?

Kva får du treff på dersom du skriv «service og samferdsel vg1»?

Skriv service site: hotell.com i søkjevindauget. Kva kjenneteiknar treffa på lista du no får opp?