Aktivitet 7.2.7 – Problemstillinger i Matboksen UB

Problemløysing

oppgave 7.2.7_nn.jpg

Bruk dette organisasjonskartet for Matboksen UB. Tenk igjennom problemstillingane nedanfor, og kom med forslag til løysing. Kven skal dei vende seg til, og kvifor? Drøft problemstillingane i klassen.

  1. Innkjøpsassistenten synest han får altfor stort ansvar og for mange arbeidsoppgåver.
  2. Han går til dagleg leiar (Stine) og klagar på sjefen sin (Tomas).
  3. Økonomisjefen (Amir) spør stadig sals- og marknadssjefen (Henriette) om hjelp til rekneskapen.
  4. Sekretæren får ofte nedlatande kommentarar frå ein av salsmedarbeidarane. Ho har snakka med han om det, men det har ikkje hjelpt.
  5. Sals- og marknadssjefen (Henriette) og salsmedarbeidar A er forelska i kvarandre. Dette synest salsmedarbeidar B er svært ubehageleg.