Aktivitet 4.4.2 – Opprydderrollen

Problemløysing

Forklar den oppryddarrolla du har som servicemedarbeidaren i desse tilfella:

  1. Ein flypassasjer mistar neste flyavgang fordi flyet han kjem med, er forseinka. Han er stressa og vender seg til deg som representerer flyselskapet han reiste med, for å få vite kva han skal gjere.
  2. Ein familie på fem personar kjem til eit hotell i Tyrkia på ei gruppereise som dei bestilte for eit halvt år sidan. Det viser seg at svømmebassenget på hotellet ikkje kan nyttast på grunn av reparasjon, men det er berre fem minutt å gå ned til ei fin sandstrand. Du er reiseleiar for selskapet som arrangerer turen for familien. Dei opplever at dei har betalt for noko dei ikkje har fått, og ber om at du ordnar opp.
  3. Ein kunde som ønskjer å endre telefonabonnementet, får denne meldinga når ho ringjer selskapet: «Det er for tida stor trafikk. Ver vennleg og vent.» Etter 20 minutt får ho endeleg svar, og da er ho illsint fordi ho har måtta vente så lenge.