Aktivitet 9.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er formålet med universell utforming av transportmateriell, vegar og gater? Formålet er å leggje til rette for at så mange som mogleg skal kunne bruke transportmidla – rullestolbrukarar, døve, blinde og andre med spesielle behov.
  2. Kva reglar gjeld ved sikring av passasjerar i buss? Det er påbode for alle å bruke bilbelte. Unntak gjeld for bybussar der det normalt er mange ståplassar, men for bussar med berre sitjeplassar, gjeld alltid bilbeltepåbodet. Reglane står i «Forskrift om bruk av bilbelte mv.».
  3. Kven er ansvarleg for å sjå til at barn under 15 år bruker bilbelte? Yrkessjåføren. Reglane står i forskrifta om bruk av personleg verneutstyr under køyring med motorvogn, § 1.
  4. Kva forstår vi med køyre- og kviletider ved yrkestransport? Styresmaktene har lovregulert kor lenge yrkessjåførar kan køyre før dei må ta pausar eller kvile. Felles reglar gjeld i heile EU/EØS-området. Styresmaktene kontrollerer med jamne mellomrom at reglane blir følgde. Reglane står i «Forskrift om kjøre- og hviletid i EØS».
  5. Kvifor er det viktig å ta med pass også når du reiser mellom land i Skandinavia der det er passfridom? Du skal alltid kunne dokumentere identiteten din. Einaste gyldige norske identitetspapir er pass.
  6. Kva er formålet med pakkereiselova? Pakkereiselova skal verne interessene til forbrukarane.
  7. Kva er eit visum? Eit visum er eit løyve for utanlandske statsborgarar til å reise inn i eit anna land.
  8. Nemn døme på akutte sjukdomstilfelle der det er viktig å kunne livreddande førstehjelp. Hjarteinfarkt, hjerneslag, diabeteskoma, epilepsi.
  9. Nemn to viktige lover vi må ta omsyn til når vi planlegg ei bussreise over to dagar. Sjåføren må ta omsyn til reglane for køyre- og kviletid som står i vegtrafikklova. Sidan reisa inneber transport og overnatting, må vi også ta omsyn til pakkereiselova.
  10. Kvifor må nordmenn ta med pass også når dei reiser innanfor Schengenområdet? Pass er einaste gyldige identifikasjonsbevis i Noreg. Vi må ha med pass for å kunne dokumentere identiteten vår.
  11. Kven har ansvaret for å kontrollere vareflyten inn til Noreg, og kven har ansvaret for å kontrollere personflyten inn til Noreg? Tollvesenet har ansvaret for kontroll av vareflyten. Politiet har ansvaret for personflyten.
  12. Kven representerer norske statsborgarar som blir utsette for trafikkulykker i utlandet, og korleis kjem du i kontakt med desse representantane? Utanriksdepartementet hjelper norske statsborgarar i utlandet. Det er den norske ambassaden eller konsulatet i landet der det er behov for hjelp, som skal kontaktast. Kontaktopplysningar finn vi på reiseinformasjonssidene til Utanriksdepartementet.