Aktivitet 3.1.14 – Risikoanalyse med tiltak og kontroll 2

Problemløysing

Oppgåva gjeld Fiskomat AS.

  1. Risikoanalyse. Gjennomfør ein risikoanalyse for den uønskte hendinga «brann i lastebil» og trusselen «bilen blir øydelagd». Gå ut frå at vi ikkje har sett i verk nokre tiltak frå før mot brann. Bruk skjema for risikovurderingsfasen. Argumenter også for nivåa du vel for sannsyn og konsekvens, og for det endelege valet av risikonivå.
  2. Tiltaksplan. Lag ein plan for tiltaka du no meiner Fiskomat bør innføre. Bruk skjema for tiltaksfasen.
  3. Kontroll. Gjennomfør ein tenkt kontroll av dei innførte tiltaka du føreslo. Bruk skjema for oppfølgingsfasen.