Fordjuping
Ei bedrift har hatt dette salet med mva. i tredje kvartal 2018:
- juli 620 000
- august 650 000
- september 670 000
Salet utan mva. i mai og juni var på kr 680 000 og 652 000.
- Set opp salsbudsjett for alle månadene.
20 % av salet er kredittsal per to månader. Resten av salet er kontant.
- Set opp innbetalingsbudsjett for kundar for tredje kvartal.
Bedrifta opererer med 50 % avanse. Dei reknar med at lageret blir redusert med kr 5 000 i juli og august, men aukar i september med kr 7 000.
- Set opp varekjøpsbudsjettet for alle månadene.