Aktivitet 2.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er ein SOFT-analyse, og kva står bokstavane S, O, F og T for? Analyse av dei interne og eksterne arbeidsvilkåra. Strengths, Opportunities, Faults og Threats.
  2. Kva meiner vi med marknadsmål? Mål for marknadsføringa kommande periode.
  3. Forklar omgrepet marknadsstrategi. Middel for å nå marknadsmål.
  4. Kva er dei fem konkurransemidla – dei fem P-ane? Produkt, pris, plass, påverknad og personale.
  5. Forklar omgrepet marknadssegmentering Oppsplitting av marknaden i delmarknader med visse fellestrekk.
  6. Forklar omgrepet målgruppe. Den delen av marknaden vi vender oss til i marknadsføringa.
  7. Kva meiner vi med konkurransemiddelet plass? Med plass tenkjer vi på korleis vi kan møte behova og ønska til kjøparane når det gjeld frakt, leveringstid og tilgjengelegheit. Vi tenkjer også på korleis vi legg til rette det ytre og det indre salsmiljøet for å tilfredsstille krava kundane har, og få dei til å handle hos oss.
  8. På kva måtar vi kan vi drive påverknad eller marknadskommunikasjon? Gjennom ein salssamtale, med chat på nettsida eller ved å bruke ikkje-personleg kommunikasjon som reklame og bruk av digitale medium.
  9. Kvifor reknar vi personalet som eit konkurransemiddel? Det er viktig å ha imøtekommande, blide og dyktige medarbeidarar som kan gi kundane tilleggsverdi før, under og etter kjøp. Behandlar vi personalet på ein god måte og med gode arbeidsforhold, vil dei også ta seg godt av kundane til selskapet. Samhandlinga mellom personalet og kundane kan nemleg vere avgjerande for om dei blir fornøgde og held fram som kundar, eller om dei går til ein konkurrent.
  10. Kvifor er det viktig å følgje opp og korrigere marknadsplanen? Det er viktig fordi det kan skje noko uventa i planleggingsperioden som gjer at vi må korrigere planen. Det kan til dømes ha dukka opp ein ny konkurrent, eller det kan vere ei ny lov som gjer at vi må endre produkta våre.