Aktivitet 4.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar kva det vil seie å setje pris på eit produkt. Det vil seie å bestemme kva ein kjøpar skal betale for produktet.
  2. Dersom prisen blir sett for lågt, kva kan skje da? Det er mogleg ein får selje meir, men det er ikkje sikkert at overskotet vil auke, fordi skilnaden mellom inntekter og kostnader vil bli mindre.
  3. Dersom prisen blir sett for høgt, kva kan skje da? Det er mogleg at salet blir mindre, at kunden går til konkurrentar, og at overskotet ikkje blir større sjølv om vi tener meir per produkt vi sel.
  4. Kva trur du målet for ei bedrift er når dei skal setje prisen på eit produkt? Målet for ei bedrift er eit størst mogleg overskot.
  5. Kva vil det seie at ei verksemd går med overskot/underskot? Resultatet = inntekter – kostnader. Verksemda går med overskot når inntektene er større enn kostnadene. Ei verksemd går med underskot når kostnadene er større enn inntektene.
  6. Kva omsyn må ei bedrift ta når ho skal finne den rette prisen på eit produkt? Kva pris tek konkurrentane?
    Kva er kunden villig til å betale?
  7. Kva vil det seie at ei bedrift bruker konkurransebasert prissetjing? Konkurransebasert prissetjing er når vi fastset prisen på produktet vårt etter det konkurrentane våre tek for liknande produkt.
  8. Kan du nemne nokre bedrifter som bruker konkurransebasert prissetjing? Til dømes flyselskapet Norwegian.
  9. Kva vil det seie at ei bedrift bruker marknadsbasert prissetjing? Marknadsbasert prissetjing er når vi fastset prisen på produktet vårt etter det kundane er villige til å gi.
  10. Kan du nemne nokre bedrifter som bruker marknadsbasert prissetjing? Til dømes Lacoste.
  11. Forklar kva kostnad er. Forbruk av ressursar, vurdert i pengar.
  12. Kva vil det seie at ei bedrift bruker kostnadsbasert prissetjing? Kostnadsbasert prissetjing er når vi fastset prisen på produktet vårt med utgangspunkt i dei kostnadene vi har.
  13. Kva er ein produktkalkyle? Ein produktkalkyle viser kva kostnader produktet påfører verksemda, og kva forteneste produktet skal gi.
  14. Forklar kva fortenesta på eit produkt er. Fortenesta på eit produkt = utsalsprisen – kostnadene som er knytte til produktet.
  15. Når kan det vere lurt å ha ein uvanleg låg pris på eit produkt? Det kan vere lurt mellom anna når ein vil gjere eit nytt produkt kjent på ein marknad.
  16. Forklar kva det vil seie å setje «rett pris» på eit produkt. Rett pris er den prisen som gir det største overskotet.