Aktivitet 3.2.7 – Rollespill

Problemløysing

Oppgåva går ut på at elevane skal prøve seg som seljarar og gå inn i desse fire seljarrollene nedanfor. Dei skiftar på å vere seljar og kjøpar og vel sjølve kva produkt dei skal selje.

Rolle 1:
Salstaktikken går ut på å seie nokre rosande ord til kunden innleiingsvis for å mjuke han opp, og deretter køyre på med salsargument med ei fast og klar stemme, og helst slik at kunden ikkje får komme til orde. Tanken er å trengje han opp i eit hjørne slik at han til slutt kjøper produktet nærmast for å komme ut av ein ubehageleg situasjon.

Rolle 2:
Rolla går ut på å ha ei forsiktig tilnærming til kunden. Ein skal ikkje vere påtrengjande, men høfleg, hyggeleg og blid. Ein skal vere lyttande og gi kunden god tid til å tenkje seg om og komme med innvendingar. Ein skal ha god produktkunnskap og gi eit tillitvekkjande inntrykk.

Rolle 3:
Taktikken er å godsnakke med kundane ei lang stund før ein kjem til poenget. Ein er alltid på fornamn med kundane anten ein kjenner dei godt, eller ikkje kjenner dei i det heile. Vidare er rolleinnehavaren alltid samd med kundane uansett kva dei meiner.

Rolle 4:
Seljaren er eigentleg ikkje så interessert i kundane, og det viser han tydeleg. Han gir dei ikkje særleg mykje merksemd og gidd nesten ikkje å svare på spørsmål dei måtte ha. For denne seljaren er kundane nærmast som «hår i suppa».